Visit Nordfjord er Strynefestivalens lokale støttespiller. Sjekk ut de enorme mulighetene du har i regionen på nordfjord.no

-

Skåla har ein av dei lengste unnabakkane i landet. Sommarstid valfartar mange til toppen, men vinterstid er det litt mindre folksomt. Turen kan gåast heile vinteren utan stor fare for skred, men det krevs god sikt og vurderingsevne. Frå parkeringsplassen føl du traktorveg som seinare blir til sti oppover i Fosdalen. Kryss elva på rundt 650 høgdemeter. Deretter ventar 400 høgdemeter med vedvarande brattheng opp til Skålavatnet. Fortsett søraustover inn i botnen, og ta herifrå opp til venstre mot den breie ryggen som fører fram til toppunktet. Nedtur same veg. La denne turen vente om det er nedbør eller tåke då det er fare for å køyre feil. Dette er ein moderat/krevande tur på 5-6 timar. Turen startar nesten i fjæresteinane, på parkeringsplassen ca halvannan kilometer frå Loen sentrum. Skåla er ein av toppturane du kan gå med guide frå Uteguiden under Strynefestivalen. Festivalpass og guidede turar blir lagt ut for sal 14. februar!

-

Visit Nordfjord - Alt i ein Fjord
Strynefestivalen - Alt på ei helg