Vi er stolte over å ha med Oslo Sportslager på årets festival, og du vil sjå dei i mange forskjellige settingar. Dei vil ha ein butikk- og hangout-stand på Folven der du både kan henge og preike, men og finne nyttige og feite produkt for salg. Folka som jobbar på Sportslageret er like gira som eg og du på å komme seg ut i naturen og opp i fjellet, så dei kjem til å vere høgt og lågt under festivalen. Dei blir med på topptur til Skåla og Midtstolshyrna, arrangerer løpetur til Segestad saman med Camelbak for dei som er gira på å auke tempoet litt, og kanskje det kulaste av alt, dei drar i gang ein heilt ny tur – Buldretur til sagnomsuste Briksdalen saman med Mammut! Turen vil ha begrensa antall deltakarar, og det er førstemann til mølla. Du finn info HER.

Oslo Sportslager dra og i gang spenstige konkurransar under årets festival. Som i fjor samlar Sportslageret og Mammut ein god crowd på Bordbuldringskonkurranse på laurdag. Nytt for 2019 er at buldrebordet kjem til å stå i nærheten av Oslo Sportslager og Mammut sitt telt heile helga, og kva betyr det? TØRRTRENING! Siktar du på å ta 1.plassen i bordbuldring er det her du bør henge torsdag og fredag!

Fri Flyt_Strynefestival_June 2018_Kyle Meyr_LR00681
Fri Flyt_Strynefestival_June 2018_Kyle Meyr_LR00681

Foto: Kyle Meyr

Camplivet på Folven kan by på utfordringar, og for at nettopp din festivalopplevelse skal vere så knirkefri som mogleg tilbyr Oslo Sportslager å møte opp og få 20% rabatt på det du måtte ønske frå 20.mai og fram til festivalstart ved å vise festivalpass til årets Strynefestival! Manglar du teltpluggar, gassbrennar, gnagsårplaster, gorillatape eller anna utstyr? Ta turen innom og få god hjelp, og mest sannsynleg møter du igjen selgaren som hjalp deg over ei øl på Folven.

Strynefestivalen vart utsolgt i rekordfart i år, derfor kan det vere kjekt å vite at Sportslageret antakelegvis har nokon ekstra festivalpass på lur! Følg med i Strynefestivalen og Oslo Sportslager sine kanalar, så kanskje du får sikra deg eit pass eller to!