Pineapple Express er eit cover-band frå Sunnmøre. Karane har fast herreforeining med kaffi, fyrstekake, swiss-rull og rock’n’roll i eit nedlagt industribygg i Ørsta.

Repertoaret har vakse seg stort og svingande, og konseptet har blitt testa med stor suksess på ulike konsertscener og festivalar, mellom anna på High Camp Sunnmøre 2017, 2018 og 2019, avslutning på Ekstremsportveko2019, 2021 og 2022 og ikkje minst som oppvarming for sjølvaste Blues Brothers når dei spelte på Trandal i 2017.

Bandet spelar musikk frå mange ulike sjangerar, -viktigaste kriterium er at det skal vere kjekt å spele og skape god stemning! Det vil seie mykje god rock’n’roll, fengande pop, litt «Guilty pleasures» og ei god dose funk. God stemning er garantert!

Bandnamnet har bandet lånt frå bygdetrollet, som skulle ha det til at folk i Ørsta kommuniserte med kvarandre ved hjelp av ananasar i vinduskarmen når dei ville ha besøk.  Bandet kan diverre korkje bekrefte eller avkrefte desse rykta, men synes ideen var fiffig og at bygdetrollet i dette tilfellet har utvist stor kreativitet.

Pineapple Express er:

Olav Sindre Kriken (vokal)
Øyvind Krøvel (blås/perkusjon)
Torgrim Skjerdal (tangentar)
Ole Johnny Kvalsund (gitar)
Vegard Grimstad (bass)
Geir Arne Ose (verdensbestetrommis)