Våre sponsorar på årets Strynefestival gjer sitt for å sørge for at du ikkje sit på ræva sjølv om du la igjen crashpad’en på toget, mista sykkelen over Strynefjellet eller god-skia fortsatt ligg fast i transfer etter vårsløsj-cruising sørafor. Og om du er ute etter generell god stemning kan du jaggu finne det og i sponsorgata.

Det er ingen forhåndsreservering av demoutstyr; det er førstemann til mølla prinsipp. 

Star Motor

Star Motor-kara har fått med seg utviklinga på sykkelfronten på Stryn! Gira på å teste stiane rundt Folven som alle har skrytt så av? Stikk innom og få med deg ein Santa Cruz-sykkel inn i Napen-shuttle’n for å prøve ut både sykkel og sti. 

Vi tipper det vil vere stor pågang på demosyklar, så har du meldt deg på kurs bør du vere tideleg ute med å sikre deg ein tohjuling. 

Folven Camping har også noen stisykler til utlån, og Powder and Dirt (de som har stisykkelkurset) har noen. Henvend dere til dem ved ankomst på torsdagen :) 

 

Skogstad

Hovedsponsoren er på plass, og tar med seg eit godt utvalg i digg tøy du kan sikre deg til ein super festivalpris. I tillegg er dei oppsatt på å passe på at du ikkje går tom for snacks i løpet av helga! Og snacks på Stryne-vis er nystekte sveler og heilgrilla lam. Gå etter lukta når sveleflippinga er i gang, så får du ein knallgod og ekstremt gratis matbit.

 

Oslo Sportslager 

«Lageret» vil ha fokus på dei fleste av aktivitetane under festivalen og her kan du låne både klatresko og anna klatreutstyr, lånebeskyttelsesutstyr til sykling (solid demper på festen om det går hardt for seg på Himalayastien) og ikkje minst låne ski frå neste års K2Mindbender-serie! Og mens du ventar på at OS-gjengen skal finne fram klatreskoa eller anna stæsj til deg, ta ein runde på buldrebordet – tørrtrening før konken på laurdag er innafor. 

 

Sweet

Hjelmguruane frå Trysil er på plass, og på standen til Oslo Sportslager finn du både padlehjelmar og beskyttelsesutstyr til stisykling frå Sweet Protection. Har du gløymd stisykkelhjelmen eller mista’n saman med sykkelen oppe på Strynefjellet? Du vil mest sannsynleg finne noko feite hjelmar for salg hos sportslageret. Safety first! 

 

Heimplanet

Gutta i HPT er på plass med dei kanskje mest særegne telta på markedet – ja det er dei utan stenger. Sjekk ut Heimplanet-campen for å ta denne nye typen telt i nærmare augesyn, og kanskje du er heldig å få raska til deg no give-aways samtidig?

Dei har og demoski frå Moment Skis, core-merket frå Nevada som håndlagar ekte rebell-ski. Dette er skia som Petter Hørthe (vinner Fri Flyt Freeline Jam 2018), Vetle Dirdal og Magnar Musum høkker på!

 

House of Hygge

Hyggegjengen tar med seg kanskje Norges feitaste demoprodukt – Monoski! I ekte Stryneånd kan du cruise sløsj med knea godt samla. Stikk innom denne gjengen, det kan godt vere dei også har eit longboard eller to til utlån, for deg som heller vil cruise asfalt. House of Hygge vil nok også tilby kjøling av øl på fersk vårsnø direktetransportert frå Strynefjellet på planet til Hygge-pickup’en. Omtenksom gjeng. 

 

Mammut

Sjølv om Mammuten Manny ikkje kunne stille i år pga vedvarande hangover frå i fjor er ikkje gutta som styrer Mammut-skuta redde for ein fest! Dei er på plass og har full fokus på klatring. Her kan du stikke innom for å låne crashpad til buldring, i tillegg til anna klatrestæsj om du har gløymd noko vitalt. På Mammutstanden kan du og prøve deg på hangboard, og bli med hangboard-konkurranse som varer helga igjennom! Mammut-gjengen har og med seg utstyr til å oppdatere programvara på din skredsøkar – gratis! Har du gammal Barryvox-søkar? Ta’n med.